Terrortrusselen og nasjonalt nivå

Det synes å vere ein forventning i delar av samfunnet om at terroråtak kan varslast ved hjelp av eit trusselnivå. Ved hjelp av det skal alle i samfunnet bli varsla, førebu seg, treffe naudsynte tiltak, … og so kjem åtaket!

 

Trikkespor

Ein trussel er ein vurdering av ein aktør (ein eller fleire personar eller grupper/nettverk) og deira intensjon (motivasjon, vilje) og kapasitet (naudsynte våpen, andre ressursar, planlegging, førebuing, etc.). Informasjon om desse to hovudfaktorane er grunnlaget for å vurdere om det er truleg – sannsynleg – at det vil bli forsøkt gjennomført eit terroråtak. Ein trussel blir dermed kategorisert ut frå ein stigande sannsynleghet – eit stigande trusselnivå.

La oss slå det fast med ein gong, - det er ein heilt urealistisk forutsetnad at terroråtak, (kanskje til og med planlagt og utført av ein soloterrorist), skal kunne varslast på same måte som ein tidlegare skulle varsle fare for eit militært åtak. Terroråtak er ikkje militære åtak (tryggingspolitiske åtak), men kriminelle voldshandlingar.

Nedanfor følgjer 10 årsaker til at vi ikkje lenger brukar eit nasjonalt trusselnivå for å karakterisere terrortrusselen i Norge.

  1. For det fyrste vil ikkje den reelle trusselen – altso sannsynlegheten for eit terroråtak – vere lik i heile landet. Tvert om vil den vere svært lokal, avgrensa i tid og rom.  
  2. For det andre vil det ikkje vere fornuftig å tilrå generelle, nasjonale tiltak, i og med at trusselen reelt sett vil vere lokal, og ikkje nasjonal. Slike nasjonale tiltak vil difor kunne vere både irrelevante og svært kostbare.
  3. For det tredje er informasjonen ein vurderer ut frå som regel uverifisert, den er usikker. Ein skala der ein går opp og ned på nivå er konkluderande, og den skjuler uvissa. Desto mindre informasjon vi har – desto lågare trusselnivå vil vi ligge på (følgjer automatisk av definisjonen til nivåa).
  4. For det fjerde vil eit bestemt trusselnivå skjule endringa i informasjonen som ofte kjem kontinuerleg og som ofte er omfattande. Samstundes blir det svært forvirrande å stendig endre trusselnivået.
  5. For det femte vil eit terrorvarsel - uttrykt som eit nivå - ikkje kunne innehalde verken informasjon eller tryggingsråd til publikum. Det normale er at informasjonen som ligg til grunn er gradert, og dermed ikkje kan offentleggjerast.
  6. For det sjette kan ein heving av eit trusselnivå – og informasjon om dette - bli eit signal til potensielle terroristar om at dei er i PST og politiet sitt søkjelys, og dermed kan terrorplanar bli framskunda, eller terroristar gå under jorda. Eit varsel om eit åtak kan dermed, paradoksalt nok, auke terrorfaren.
  7. For det sjuande vil ein endring i trusselnivået ha svært tidsavgrensa effekt. Det eksisterande nivået vil bli oppfatta som ”normalsituasjonen” etter svært kort tid.
  8. For det åttande har det vist seg svært mykje vanskelegare å redusere eit trusselnivå , enn å auke det. (Omvendt bevisbyrde, ein lyt ”bevise” eller sannsynleggjere at trusselen ikkje lenger eksisterer). På nytt vil det bli behov for informasjon som ikkje kan offentleggjerast.
  9. For det niande er det freistande – og  sikrare - å ligge på eit høgst mogeleg nivå, i tilfelle noko skulle skje. Då har ein ”ryggen fri”, men det er ikkje god analyse. Ei rekkje land har vore på ”høgt” trusselnivå i årevis.
  10. For det tiande vil vi kunne gå terroristane sitt ærend, ved å skape unødig almen frykt som det ikkje er grunnlag for.

 

Kva er alternativet?

Mange land har etter kvart gått bort frå praksisen med å bruke generelle, nasjonale trusselnivå for å skildre terrortrusselen. Årsaka er å finne i dei ti punkta overfor, i tillegg til andre årsaker, til dømes behovet for å beskytte eigne kjelder. Alternativet er, so langt det er mogeleg, å skildre kva slags trussel ein står overfor, og samstundes få fram kva som er usikkert. Slik informasjon kan også innehalde råd om sikringstiltak og informasjon til publikum, viss dette er vurdert som naudsynt. Men som i mange andre tilfeller der ein ynskjer å averge kriminelle handlingar, vil PST og politiet arbeide i det stille, utan at borgarane vil merke noko. Vi kan i mange situasjonar stå overfor vanskelege val, og kvar situasjon må vurderast individuelt. Men det opne, demokratiske samfunnet er og vil vere sårbart, og vi gjer det ikkje betre eller tryggare ved å rope ut om at ”terrorulven” er på veg.