Innsyn

Som hovudregel kan ålmenta ikkje få innsyn i arbeidet til PST. Det inneber at opplysningane som vi byggjer sakshandsaminga vår på, ikkje blir gjorde tilgjengelege for ålmenta, og detaljar om korleis vi utfører det operative arbeidet vårt, blir heller ikkje offentleggjorde.

Fasade _test
Slik er det med det meste av verksemda til politiet, både i Noreg og i andre land: Både PST og andre politieiningar treng reglar og rutinar som hindrar at sensitive opplysningar kjem på avvegar.

Teieplikta vår set grenser for kor mykje innsyn andre kan få. Når utanforståande ber politiet om informasjon, er teieplikta ofte til hinder for at vi kan gi opplysningar eller kommentarar.

Teieplikta til politiet har to formål. Det eine er å hindre at det framtidige arbeidet til politiet skal bli vanskelegare ved at potensielle eller reelle gjerningsmenn har for god kjennskap til kva metodar vi bruker, og kor mykje informasjon vi har tilgang til.

Det andre er å unngå at føretak og personar som er sårbare for informasjon som politiet sit på, blir skadelidande ved at denne informasjonen blir kjend for uvedkommande.

PST handsamar hemmelegstempla opplysningar i mykje større grad enn andre delar av politiet. Når vi må avslå ein innsynsførespurnad fordi vi har teieplikt, er derfor teieplikta ofte forankra i føresegnene om graderte opplysningar i tryggingslova. 

Offentleglova og forskrifta til offentleglova § 9 tredje ledd gjer også som hovudregel unntak frå innsyn i dokument som gjeld saker hos PST.

Kontrollinstansar treng innsyn

Ei rekkje instansar har til oppgåve å kontrollere den verksemda PST driv. Dette inneber at dei også må ha innsyn i arbeidet vårt. Innsynsretten følgjer av det mandatet kontrollinstansane har, og dei avgjer sjølv kva forhold dei skal undersøkje særskilt på sine respektive mandatområde.

Utanforståande

PST får ofte førespurnader som i realiteten er spørsmål om innsyn i arbeidet vårt. Advokatar søkjer om innsyn for å ivareta interessene til ein klient. Journalistar vil vite om saker som blir omtalte i media, er til handsaming hos oss, eller kva vi veit eller meiner om ulike forhold. Forskarar og historikarar ønskjer å lese historisk materiale frå arkiva våre i samband med forskingsprogram eller bokprosjekt. Skuleelevar og studentar ber om hjelp til å skrive prosjektoppgåver eller større oppgåver.

PST kan berre realitetshandsame skriftlege førespurnader om innsyn. Det skal i utgangspunktet mykje til for å få innsyn i arbeidet til PST. For forskarar vil innsynsreglane i forvaltningslova gjelde, og det er Justisdepartementet som må gi løyve.

Ein kan seie at utgangspunktet for å få innsyn som forskar eller historikar er at arbeidet skal ha eit visst forskingnivå. 

Ikkje alle som tek kontakt med PST for å få opplysningar, er klar over at førespurnaden deira i realiteten er å sjå på som eit krav om innsyn i arbeidet vårt. God forvaltningsskikk tilseier at slike førespurnader må handsamast med full notoritet, slik at det i ettertid er mogleg å finne ut korleis kravet er blitt sakshandsama, kva for vedtak som er gjort, og kva som ligg til grunn for vedtaket. Dette inneber at alle krav om innsyn i PST-saker må setjast fram skriftleg.

Innsyn utløyser teieplikt

Dei som får innsyn i det graderte materialet til PST, får dermed også plikt til å teie om det dei får innsyn i. Dette gjeld både for kontrollinstansane og for utanforståande som får godkjent innsyn etter å ha sett fram skriftleg innsynskrav.

Innsynskrav kan gjelde notid eller fortid. Førespurnader om innsyn i PST-saker kan ha svært ulike formål. Somme ønskjer informasjon om dagsaktuelle forhold, andre vil ha tilgang til historisk materiale i arkiva våre.