All verksemd som blir utført av PST, skal vere i samsvar med lov, forskrift og andre vedtak som dei overordna styresmaktene våre har gjort. Ei rekkje overordna instansar fører kontroll med dei ulike delane av verksemda vår. I tillegg driv vi kontinuerleg eigenkontroll for å sikre at arbeidet vårt heile tida er i samsvar med gjeldande reglar.
Verksemda vår er følgjeleg underlagd ulike
typar rammevilkår. Det gjeldande regelverket trekkjer opp rammer
for kva saker vi skal arbeide med, og kva tiltak vi kan setje i
verk i dette arbeidet. Dei eksterne og interne kontrollinstansane
passar på at vi held oss innanfor desse rammene.
Dei overordna styresmaktene våre avgjer kva for nokre av oppgåvene
våre som skal ha høgast prioritet, og desse prioriteringane er også
avspegla i dei løyvingane vi får over statsbudsjettet. Dei
fastsette prioriteringane og tildelte budsjettmidlane blir også
rammer for den verksemda som PST til kvar tid utfører.
Heimelsgrunnlag
Vi bestemmer ikkje sjølv kven eller kva vi skal verne, eller kva typar kriminalitet vi skal konsentrere oss om å motverke, men innrettar oss etter det ansvaret Stortinget, Regjeringa og departementet har pålagt oss.
Hovudreglane for korleis vi skal forvalte dette ansvaret, er også fastsette av Stortinget. Det sentrale utgangspunktet for det politifaglege arbeidet til PST finn vi i straffeprosesslova og politilova. Rammene som er trekte opp av Stortinget, er som regel nærmare definerte i forskrifter. Sentrale forskrifter for vårt vedkommande er PST-instruksen, påtaleinstruksen og politiinstruksen.
Politilova og PST-instruksen
Sentrale føresegner for PST, utanom den alminnelege straffelova
og straffeprosesslova, er kapittel III A i politilova, som fastset
korleis PST skal vere organisert, og kva oppgåver vi skal ha, og
den instruksen for PST som blei fastsett ved kongeleg resolusjon
den 19. august 2005 (PST-instruksen). PST-instruksen er heimla i
politilova § 29, som gjeld instruksjonsfullmakt m.m., og som
utdjupar føresegnene i politilova om organiseringa og oppgåvene
våre.
Andre lover og forskrifter
Utanom straffelova, straffeprosesslova, politilova og
PST-instruksen finst det ei rekkje føresegner som regulerer dels
korleis vi skal drive verksemda vår, dels kva handlingar som er
lovbrot som tenesta vår skal førebyggje og etterforske.
For oss som del av den norske politietaten er påtaleinstruksen ei
særleg sentral forskrift. Påtaleinstruksen er ei utdjuping av ei
rekkje reglar i straffeprosesslova om korleis politiet og andre
delar av påtalemakta skal gjere oppgåvene sine.
Vi har eit breitt ansvar for å drive førebyggjande
tryggingsarbeid, det vil seie å førebyggje truslar mot Noregs
sjølvstende og tryggleik og andre vitale nasjonale
tryggleiksinteresser. Tryggingslova med forskrifter er derfor ein
sentral heimel for PST.