Etterforske

PST er i politilova pålagt å etterforske visse typar lovbrot.

PST
PST
Etterforskning
Etterforskning
Lyshull
Lyshull

Etterforskingsarbeidet til PST har utgangspunkt i dei same lovføresegnene som gjeld for andre etterforskingseiningar i politiet, og gir høve til å innleie etterforsking av visse typar lovbrot.

Heimelsgrunnlag

Politiet sin heimel for etterforskning - straffeprosesslova § 225

Rammene for bruk av lovheimelen er presisert i politiinstruksen og påtaleinstruksen.

Etterforsking skal ifølgje straffeprosesslova § 224 setjast i verk når ei melding til politiet eller andre omstende gir rimeleg grunn til å undersøkje om det ligg føre eit straffbart forhold. Har PST grunn til å tru at det har skjedd ei straffbar handling på vårt ansvarsområde, har vi derfor plikt til å undersøkje nærare.

Straffeprosesslova § 226 fastset vidare rammene for kva som skal vere siktemålet med all etterforsking i politiet.

Avverjande etterforsking

Skadane på samfunnet av eit gjennomført brotsverk på ansvarsområda til PST kan bli så store at samfunnet ventar tiltak for å hindre at brotsverka skjer. Straffeprosesslova § 222 d andre ledd er derfor særleg viktig for PST. Føresegna opnar for at vi kan setje i verk meir inngripande tiltak enn vi normalt har lov til i førebyggjande verksemd. Det er med andre ord eit juridisk skilje mellom å førebyggje og å avverje lovbrot.

Dersom vi har heimel for å innleie etterforsking, kan vi også få rettsleg løyve til å ta i bruk særskilde etterforskingsmetodar, såkalla straffeprosessuelle tvangsmiddel. Tvangsmiddel er ei fellesnemning på ein del verkemiddel som på visse vilkår kan nyttast av bestemte offentlege styresmakter. Kapittel 17 i straffeprosesslova set rammene for bruk av tvangsmiddel for å avverje alvorleg kriminalitet. Desse tvangsmidla er ransaking, skjult fjernsynsovervaking, teknisk sporing, beslag og utleveringspålegg, avlytting og annan kontroll av kommunikasjonsanlegg (kommunikasjonskontroll), identifisering av kommunikasjonsanlegg, og anna avlytting av samtalar ved tekniske middel (romavlytting).

Straffeprosesslova § 222 d andre ledd spesifiserer kva for lovbrot det må vere mistanke om for at PST skal kunne nytte dei nemnde tvangsmidla.

Etterforsking av straffesaker skal ta sikte på å klarleggje både det som taler mot, og det som taler til fordel for den mistenkte. Målet med politietterforsking er å komme til ei avklaring i ei sak, ikkje berre å få den mistenkte dømd.

Open eller skjult etterforsking

Politilova § 17 b nr. 5 slår fast at open etterforsking i saker som gjeld sabotasje, politisk motivert vald, terrorhandlingar og finansiering av terrorisme, som hovudregel skal drivast av andre delar av politiet, om ikkje den overordna påtalemakta bestemmer noko anna.

Når PST har hatt den skjulte etterforskinga av ei terrorsak, er det mange fornuftsomsyn som tilseier at PST bør halde fram med etterforskinga også av ei open sak.

I saker som gjeld spionasje, brot på tryggingslova, angrep mot statsforfatninga, vald og truslar mot statsleiinga og spreiing av masseøydeleggingsvåpen, har PST ansvaret for både skjult og open etterforsking.

Påtalemakt

Påtalemakta i PST har eit overordna ansvar for etterforskinga. Omgrepet "påtalemakt" blir brukt både om den særskilde retten til å gjere visse vedtak og gjennomføre dei, og om dei offentlege instansane som har rett til å utøve slik særskild verksemd. Kapittel 6 i straffeprosesslova fastset kven som tilhøyrer påtalemakta, og korleis påtalemakta skal gjere oppgåvene sine. Vidare er dette nærmare presisert i påtaleinstruksen.

I Noreg består påtalemakta av Riksadvokaten, statsadvokatane, politimeistrane og politijuristane. Sjefen for PST er tillagd påtalemakt på linje med politimeistrane. Straffeprosesslova § 55 gjer greie for kven som har påtalemakt.

Oppgåvene til påtalemakta kan oppsummerast i desse hovudpunkta:

• å etterforske straffbare handlingar

• å avgjere om det skal setjast i verk straffeforfølging

• å krevje bruk av tvangsmiddel (ev. sjølv sørgje for at slike middel blir tekne i bruk)

• å førebu og føre aktoratet i straffesaker for det offentlege

• å gjere vedtak om fullføring av pålagd straff

Påtaleordninga i PST-saker

Riksadvokaten har i rundskriv nr. 4/2007 fastsett reglar om kven som har etterforskings- og påtaleansvar i PST-saker. Politilova § 17 b bestemmer elles kva for saker som eksklusivt er lagde til PST, heilt og fullt eller avgrensa til ansvaret for skjult etterforsking.

Sjefen for PST er overordna politimeistrane i førebyggjande saker, men er på same nivå som politimeistrane som påtalemakt i etterforskingssaker. Riksadvokaten gir i rundskrivet m.a. reglar om når saker som ligg i politidistrikt utanfor Oslo, ikkje skal handsamast av vedkommande politimeister, men sentraliserast under sjefen for PST.

Den sentrale eininga i PST (hovudkontoret i Oslo) høyrer direkte under Det nasjonale statsadvokatembetet, mens politimeistrane ligg under vedkommande regionale statsadvokatembete.