Informasjon er avgjerande i arbeidet mot all kriminalitet. PST treng god og relevant informasjon både for å kunne gi trusselvurderingar og andre råd om tryggleik og for å kunne førebyggje og etterforske kriminalitet. Vi kan nytte særskilde metodar for å hente inn opplysningar.
PST kan hente inn
mykje informasjon frå opne kjelder: forskingsrapportar, fagbøker,
massemedium og liknande. Sakshandsamarane våre kan trenge slik
offentleg tilgjengeleg informasjon både for å halde seg generelt
oppdaterte på eit fagområde og for å kunne komme vidare i ei
konkret sak.
I tillegg treng vi opplysningar som ikkje skal vere allment
tilgjengelege, men som kan vere avgjerande for å hindre alvorlege
lovbrot eller oppklare lovbrot som allereie har skjedd. Dette kan
for eksempel vere opplysningar frå politiets eigne register, frå samarbeidspartnarar
i inn- og utland eller frå personar som har observert noko
mistenkjeleg.
Les mer om
samarbeidspartarer til PST
I mange tilfelle må politiet unngå å fortelje offentleg kvar
opplysningane våre kjem frå. Ei rekkje ulike føresegner, blant
andre reglane om teieplikt, gir oss høve til å verne kjeldene våre.
Kjeldevern er viktig av to årsaker: For det første må politiet
hindre at dei som har gitt oss sensitive opplysningar, blir
eksponerte. For det andre er det viktig å hindre at personar som er
under mistanke, får innsikt i kva informasjon politiet sit med, før
politiet er ferdig med arbeidet sitt.
Informasjonsvern
Sidan PST handsamar mykje gradert informasjon, har vi også føresegnene i tryggingslova å ta omsyn til i vurderinga av kva opplysningar som kan formidlast til utanforståande.
Når vi får opplysningar som er graderte av andre (til dømes av ei utanlandsk tryggingsteneste), er det informasjonseigaren som avgjer om vi kan gi
opplysningane vidare, og i så fall til kven. PST har derfor ikkje utan vidare høve til å formidle vidare opplysningar vi har fått frå andre.
Handsaming av innhenta opplysningar
Det er viktig å kvalitetssikre all informasjon vi hentar inn.
Kvalitetssikringa går ut på både å vurdere kor truverdig kjelda er,
og å samanlikne ulike opplysningar, supplere eventuelt mangelfull
informasjon - og forkaste irrelevante og uriktige opplysningar.
Denne sorteringsprosessen er svært viktig og må skje kontinuerleg
fram til ei sak er avslutta.
Ein del av den informasjonen vi treng, er opplysningar om bestemte
personar. Når vi handsamar slik informasjon, er vi underlagde
blant anna dei generelle reglane i personopplysningslova, som set
klare vilkår for innhenting, oppbevaring og sletting av
personopplysningar.
Kapittel IV i
PST-instruksen gir reglar som særskilt gjeld korleis PST skal
handsame opplysningar.