Livvakt

PST har det nasjonale ansvaret for å utføre livvaktteneste på norsk jord for norske og utanlandske myndigheitspersonar.

Jonas Gahr Støre på reise Foto: Harald Henden
Jonas Gahr Støre på reise Foto: Harald Henden
Trening livvakter  Foto: Thomas Fredriksen
Trening livvakter Foto: Thomas Fredriksen
Livvakter avreise Gardermoen Foto: Harald Henden
Livvakter avreise Gardermoen Foto: Harald Henden
Livvaktene på vakt Foto: Harald Henden
Livvaktene på vakt Foto: Harald Henden
Livvakter på reise Foto: Harald Henden
Livvakter på reise Foto: Harald Henden
Livvakt Foto: Harald Henden
Livvakt Foto: Harald Henden

Desse personane kan vere regjeringsmedlemmer, stortingsrepresentantar og dommarar i Høgsterett og tilsvarande representantar frå andre land og ambassadane til andre land i Noreg. Kongehuset har eiga livvaktteneste i Den kongelige politieskorte som er underlagd Oslo politidistrikt. 

Livvakttenesta blir utført i nært samarbeid med politidistrikta, og livvaktene følgjer også enkelte norske myndigheitspersonar på reiser i utlandet. Livvakttenesta blir utført i tråd med føringar frå Justisdepartementet, nedteikna i Instruks for Politiets sikkerhetstjeneste § 9 andre ledd. 

Livvaktoppdrag er i hovudsaka nærsikring av den aktuelle myndigheitspersonen, men arbeidet har også ei rekkje andre sider. Nærleiken mellom livvaktene og blant andre analytikarane som utfører det førebyggjande arbeidet i PST, set oss i stand til å verne myndigheitspersonar mot angrep og truslar på best mogleg vis. 

Det er PST som har ansvaret for å analysere kva for tryggingstiltak kvar enkelt myndigheitsperson treng. Desse analysane fører til spesifikke trusselvurderingar der vi gjer greie for situasjonen og eventuelt tilrår særlege tryggingstiltak. I nokre tilfelle tilrår vi at ein person skal følgjast av livvakter, anten kontinuerleg eller i særlege situasjonar, til dømes under utanlandsreiser. 

Saman med Politidirektoratet tilrår PST aktuelle tryggingstiltak, men det er politimeistrane i dei aktuelle politidistrikta som avgjer kva tiltak som skal setjast i verk.

Når statsrådar eller stortingsrepresentantar er på reise i utlandet, er det i utgangspunktet det aktuelle landet som har ansvaret for å tryggje dei besøkjande. PST vurderer om det skal lagast ei trusselvurdering, og om det trengst politioperative tiltak. I land med særleg risiko kan væpna livvakter følgje med myndigheitspersonane, dersom vertslandet godtek dette. Leiaren for livvaktene er då liaison til tryggingsmakta i landet og fungerer som tryggingsrådgivar for delegasjonen. 

Alle livvaktene i PST er polititenestemenn som har gjennomgått ei grundig spesialopplæring i livvaktteneste. Både menn og kvinner er livvakter i PST. Eit omfattande treningsprogram og jamlege, obligatoriske testar blir gjennomførte for å sørgje for at alle livvaktene held ved lag dei fysiske og taktiske evnene som er naudsynte for å utføre livvaktoppdrag. Utdanning og trening av livvakter skjer i nært samarbeid med Politihøgskolen og Den kongelige politieskorte i Oslo politidistrikt.