Tryggleiksrådgiving

PST har ansvar for å gi råd til andre norske styresmakter og delar av næringslivet om forhold som har med samfunnstryggleiken å gjere.

OSLOS
OSLOS
Toglinjer
Toglinjer
Nedover KarlJohan
Nedover KarlJohan

For å ivareta dette ansvaret må vi ha spisskompetanse som set oss i stand til å definere korleis norske etatar og nøkkelverksemder best kan byggje opp god beredskap mot kriminalitet og kriser som kan ramme den norske samfunnsstrukturen. Dette ansvaret er nedteikna i PST-instruksen § 4 og § 6 andre ledd. 

PST-eininga i kvart enkelt politidistrikt har ansvaret for å gi råd om tryggingstiltak til lokale styresmakter og verksemder som ønskjer bistand og som kjem inn under PST-instruksen § 6 andre ledd. I Oslo politidistrikt er det Den sentrale eininga (DSE) i PST som har dette ansvaret. DSE har også ansvar for rådgiving overfor visse verksemder utanfor Oslo politidistrikt som er vitale for nasjonen.

For å kunne gi gode råd om tryggingsspørsmål krevst det ein analyseprosess føreåt. Etter å ha henta inn opplysningar frå ulike kjelder og samanlikna dei ulike opplysningane, kan vi gi kvalifiserte råd om korleis utfordringar bør handsamast. Gode analysar føreset at vi har gode opplysningar å byggje dei på, og det er avgjerande for PST å ha tilgang til relevant informasjon av god kvalitet frå relevante kjelder.

Myndigheitspersonar

Ifølgje PST-instruksen skal PST i samarbeid med politiet førebyggje alle truslar mot medlemmer av Kongehuset, stortingsrepresentantar, medlemmer av Regjeringa og medlemmer av Høgsterett, tilsvarande representantar frå andre land og ambassadørar på norsk jord. Truslar PST skal motverke og førebyggje treng ikkje vere politisk motiverte, men kan komme frå til dømes psykisk ustabile personar.

Politiet har det overordna ansvaret for å ivareta tryggleiken til myndigheitspersonar. Politidirektoratet (POD) gir direktiv til politidistrikta om korleis tryggingsstiltak skal vedtakast  og setjast i verk. I samråd med POD utarbeider PST trusselvurderingar der vi tilrår ulike tryggingstiltak for å ivareta tryggleiken til myndigheitspersonane. Kvar enkelt politimeister tek sine avgjerder i tråd med tilrådinga frå PST og direktivet frå POD.

Det ansvaret PST har når det gjeld truslar mot myndigheitspersonar, er i hovudsaka retta mot trusselutøvarane. Dette inneber å identifisere kven som står bak truslane, og om nødvendig setje i verk ulike tiltak. PST varslar politiet elles om forhold ved trusselutøvaren som har noko å seie for korleis politiet skal tryggje myndighetspersonane, og hjelper til i etterforskinga av truslar når vi blir bedne om det.

Kva er ein trussel?

Ein trussel må setjast fram i ord eller ved handling og vere eigna til å skape frykt. Det vil dermed variere frå person til person kva vedkommande opplever som ein trussel, og i praksis varierer det derfor kva hendingar som blir rapporterte til politiet som truslar. Det kan liggje ulike motiv bak ein trussel, og i ein del tilfelle ser vi at personar med alvorlege psykiske lidingar representerer ein vedvarande, men ikkje alltid like alvorleg trussel mot bestemte myndigheitspersoner i kortare eller lengre periodar. I mange av desse sakene har PST eit godt samarbeid med helsevesenet, der formålet ofte er å sørgje for at vedkommande får behandling.

Når ein myndigheitsperson blir utsett for truslar, vurderer PST kor farleg trusselutøvaren er, og kor stor handlingsevne vedkommande har. Basert på ei heilskapsvurdering av trusselutøvaren og situasjonen elles gir vi dei andre greinene av politiet ei tilråding om kva tiltak som er naudsynte.

Tryggleikssamtalar

Som ein del av det førebyggjande arbeidet på dette området gjennomfører PST tryggleikssamtalar med utvalde myndigheitspersonar. Formålet med desse samtalane er blant anna å gjere greie for trusselbiletet og presentere ulike tryggingstiltak for den aktuelle personen. Det er også eit mål å bidra til at vedkommande myndigheitsperson får ei best mogleg forståing av sin eigen situasjon. Tryggleikssamtalane blir gjennomførte i samarbeid med politiet elles.

Beredskap

PST har ei rådgivande rolle i arbeidet med krisehandtering og beredskap. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er det faglege kontaktpunktet til Justisdepartementet når det gjeld  samfunnstryggleik og beredskap. I ei sivil krise vil Politidirektoratet (POD) ha den nasjonale leiinga av beredskapsarbeidet i politietaten.

PST bistår politiet elles med å utarbeide beredskapsplanar og i beredskapsøvingar. Vi deltek både i sjølve øvinga og i planlegginga, blant anna med trusselvurderingane som deltakarane i øvinga skal leggje til grunn for innsatsen. Erfaringar frå øvingane blir brukte til å justere beredskapsplanane.

Kritisk infrastruktur

Tryggleiksrådgiving når det gjeld kritisk infrastruktur som flyplassar, telekommunikasjonsanlegg, oljeindustri og hamneanlegg, er også ei viktig oppgåve for PST.

Utanfor Oslo politidistrikt samarbeider lokale PST-einingar med dei aktuelle politistasjonane eller lensmannskontora når det gjeld anlegg som er særleg viktige for nasjonen, og som kan vere sårbare for ulike typar angrep og sabotasje. I Oslo samarbeider Den sentrale eininga i PST med Oslo politidistrikt og deltek også i Oslo kommune sitt beredskapsforum.

I ei viss grad står PST også for særskild oppfølging av selskap og bedrifter som kan vere utsette. Dette gjeld også enkelte norske selskap med verksemder i utlandet.

I den grad verksemda kjem inn under tryggingslova, har Nasjonal tryggingsmakt (NSM) eit overordna ansvar for å sjå til at anlegget eller verksemda følgjer krava i lova.