Etikk og terror

Nyleg vart det arrangert eit seminar om etikk og kontra-terrorarbeid i Nederland. Der møttes representantar frå fleire sikkerhetstenester og frå ulike delar av akademia. Seminaret, som hadde deltakarar frå ei rekkje land, hadde to siktemål; Å få fram avvegingar som må gjerast mellom ulike og ofte kryssande omsyn, og å diskutere metodar som kan sikre at etiske omsyn blir inkludert i relevante avgjerdsprosessar. 

 

Utgangspunktet var at sikkerhetstenester ofte står overfor dilemma, det vil seie val av ulike onder, når ein skal førebyggje terror. Ein veit på førehand at alle mogelege avgjerder vil ha potensielle negative konsekvensar, men ein kan likevel  ikkje unnlate å handle. Ei rekkje faktorar vil påverke kva for val ein tek. Dei fire viktigaste faktorane er følgjande;

Eliminering av fare
Å hindre eit terroråtak, og dermed ivareta tryggleiken til borgarane blir det styrande. At eit terroråtak kan bli gjennomført blir (nesten) alltid vurdert som ein langt verre konsekvens enn potensiell krenking av personvern til enkeltpersonar. Å unnlate å gjere det ein kan for å hindre drap på uskuldige blir i seg sjølv sett på som uetisk.

Operasjonssikkerhet
På grunn av fare for lekkasjar og tryggleiken til sensitive kjelder vil ofte svært få personar kjenne til konkrete operasjonar og enkeltsaker. Dette hindrar ein breiare diskusjon og tilfang av alternative syn før avgjerder blir tatt, ofte fortløpande.

Samarbeid
Viss kontra-terror-operasjonar inkluderer samarbeid med andre tenester og andre land kan det vere vanskeleg å nå fram til semje om etiske spørsmål. Skal samarbeidet fungere må det skje på felles premissar, ut frå operative omsyn og basert på minste felles multiplum.  

Tidskritisk 
Mange situasjonar krev raske avgjerder, ikkje skjeldan med bakgrunn i usikker informasjon. Ein kan ofte ikkje bruke tid på å få verifisert informasjonen før ein må iverksetje tiltak. Ein har heller ikkje tid til - eller føresetnadane for - å vege etiske spørsmål opp mot dei truslane ein står overfor.

Desse faktorane legg ofte premissar for dei avgjerder som blir tatt i reelle situasjonar.

Diskusjonen på seminaret såg også på metodar for å ivareta etiske omsyn, og samstundes ivareta det akutte og operative omsynet som ein veit vil dukke opp med ujamne mellomrom. Ingen har so langt funne ein «quick fix» på dette, men fokus på og bevissthet om eige verdigrunnlag, intern opplæring, praktisk øving og klart leiarskap vil kunne bidra til at også den etiske dimensjonen blir ivareteken i krevjande situasjonar.

Som den offentlege debatten nyleg har vist er denne problemstillinga også relevant i Norge. Forventinga er at samfunnet skal vere både trygt og fritt. Resultatet er at PST ofte blir målt opp mot ulike standardar. Same sak kan ha både positive utfall (ein tenåring blir hindra frå å reise til ei krigssone), og negative utfall (PST blir skulda for å gå ut over demokratiet og rettsstaten sine rammer). At vurderingar og avgjerder gjer alle til lags er ikkje å forvente. Det er i denne samanheng interessant å minne om 22.juli-kommisjonen, som meinte at PST var blitt prega av ein «forsiktighetskultur». Kravet for fire år sidan var, og er kanskje framleis, at PST må utvise «større pågåenhet, kreativitet og vilje til å identifisere nye trusler». Enno klarare er det formulert av kommisjonen når den skriv at PST må «settes i stand til å tilegne seg all nødvendig og relevant informasjon i de tilfeller der det er grunn til å undersøke om noen forbereder terrorhandlinger».

Dette kan nok seiast å vere forventingane til PST i den eine enden av pendelsvingen. At PST kan tileigne seg all naudsynt og relevant informasjon er ein situasjon vi ikkje er i nærleiken av. Og som samfunn bør vi ikkje kome dit heller. Det er samstundes heilt sjølvsagt at PST skal halde seg innanfor lover, forskrifter, instruks og regelverk, som i stor grad set grenser for kva for informasjon tenesta kan tileigne seg. Men av og til gjev heller ikkje lovene ein klar rettesnor for handling. Følgjande formulering frå seminaret om etikk seier det slik: «Not all legislation will be ethical for all situations». Der lovene ikkje gjev alle svara vil det vere behov for skjønn og subjektive vurderingar, og so får ein – nok ein gong - lære av resultatet slik det vart.

Til sjuande og sist handlar det ofte om ein avveging mellom tunge og ofte motstridande interesser, slik som kjeldevern på den eine sida og oppklaring av ei alvorleg straffesak på den andre.