"Noen" nekter Norge kunnskap om terror - Jacobsen fornekter seg ikke!

I sin kommentar «Nekter Norge kunnskap om terror» 31. juli har Frithjof Jacobsen i VG ei rekkje påstander som det er freistande å svare på.

 

Ja, vi treng forsking på ekstremisme, og ja, det verkar merkjeleg at datatilsynet vil nekte forsking basert på open og tilgjengeleg informasjon. So langt er eg samd med Jacobsen. Særleg er det behov for meir kunnskap om radikalisering inn i sokalla høgreekstreme og venstreekstreme miljø.

Men å skape eit inntrykk av at nokon ynskjer «å nekte Norge kunnskap om terror» og at samfunnet difor ikkje ser «virkeligheten slik den er» er ein pussig påstand. Trass alt blir det årleg gjennomført ei mengd forsking på ekstremisme, nasjonalt og særleg internasjonalt, som også Jacobsen bør vere kjent med.

Jacobsen sin neste påstand er at dei fleste norske politikarar som uttalar seg om ekstremisme ikkje har noko interesse for forsking, men kun henter kunnskapen sin om ekstremisme frå «noen få orienteringer fra PST». Vidare blir vi forklart av Jacobsen at dei same politikarane «ikke stoler på (PST) eller skjønner noe særlig av hva (PST) driver med».

Jacobsen fortsetter med følgjande; «Det er først når det finnes et solid offentlig tilgjengelig grunnlag for debatten at de hemmelige tjenestenes informasjon virkelig kan gjøre en forskjell». Men dei same «hemmelege» tenestene skal etter Jacobsen si meining ikkje delta i debatten, det er ikkje deira rolle.

So den forskjellen PST skal gjere er altso i form av «hemmeleg informasjon» til politiske styresmakter, - som dei same politikarane verken stolar på eller skjønar noko særleg av.

Dette er lite i samsvar med korleis «den hemmelege tenesta» (mildt sagt eit utdatert begrep) arbeider med informasjon om, og førebygging av ekstremisme i 2015.

Samstundes påstår Jacobsen at PST «står i veien» for en fri debatt med mest mulig offentlig tilgjengelig informasjon. Beviset på dette er kverrsetjinga av videoen tilhøyrande Ulrik Imtiaz Rofsen, om mogeleg terrorrekruttering. Vi ser at her er det motstridande omsyn å ivareta, og her må domstolen ta ei avgjerd som vi deretter vil forholde oss til.

Avslutningsvis kjem Jacobsen på nytt med påstanden om at «politikere og andre beslutningstakere» kan bli prisgitt PST i eit samfunn utan forsking eller andre korrektiv. Faren er at PST ikkje har «full oversikt», og i tillegg at PST «bevisst eller ubevisst vil beskrive situasjonen på en måte som kan gagne dem.» Det er her Jacobsen meiner at ikkje berre forsking, men også journalistikk kjem inn, for å redde oss alle frå ein «grenselaus naivitet» eller «halvparanoid tilstand».

Kva som «bevisst eller ubevisst» har inspirert Jacobsen til å skrive dette er uvisst. At det er noko motsetnad mellom PST sitt arbeid og mest mogeleg – og best mogeleg – forsking på ekstremisme, er sjølvsagt ikkje riktig. Vi rekrutterer mange medarbeidarar frå akademia med relevant fagbakgrunn. Vi har god kontakt og samarbeid med forskarar, både i Norge og i utlandet. Vi deltek på konferansar, har tilgang på store mengder faglitteratur, og diskuterer dette dagleg. Vi ynskjer meir forsking på ekstremisme, og vi ynskjer å delta i den offentlege debatten der vi kan. Når ein skriv om andre sin «grenselause naivitet» skal ein også vere forsiktig med å omtale forsking som «virkeligheten slik den er». Litt sunn skepsis er godt å ha som PST-tilsett, men også som kritisk og uavhengig journalist.