Kommentar til påstandar frå Gule

I ein kronikk i Aftenposten 8. september kjem forskar Lars Gule med ei rekkje synspunkt og påstandar om PST sitt arbeid mot terror som det er freistande å kommentere. At PST sitt arbeid blir diskutert er positivt, og noko vi ynskjer å legge til rette for. Dette inngår i den breiare debatten om korleis samfunnet skal førebyggje og redusere ekstremisme og politisk motivert vald. Det gjeld både lovutvikling, metodar, ressursbruk og prioriteringar. Soleis er Gule sitt utgangspunkt positivt. Det er likevel grunn til å setje spørsmålsteikn bak fleire av påstandane han kjem med.

 

1. For det fyrste påstår han at «dette forsterkede fokuset på islamistisk terror kan bidra til en stigmatisering og polarisering av forholdet mellom ikke-muslimske og muslimske nordmenn». Polarisering er ein reell fare, særleg mellom ulike ekstreme miljø. Men Gule sin påstand er ein unyansert generalisering. Å forutsette at muslimske nordmenn føler seg stigmatiserte fordi PST etterforskar kriminalitet, er lite fornuftig.  Mitt klare inntrykk er at dei aller fleste nordmenn (uavhengig av religion) ser på ekstreme islamistar som kriminelle voldsforbrytarar. Dei representerer ikkje muslimar generelt, verken norske eller andre.

2. Gule kjem også med ein påstand om at PST «ikkje gjør særlig mye» for å følgje dei høgreekstreme miljøa. Her bør lesaren stille spørsmålet; kva veit Gule om dette? PST sin generelle skildring av dei høgre-ekstreme miljøa gjev ikkje noko klar indikasjon på korleis vi arbeider opp mot enkeltpersonar eller grupper, og dei nye lovparagrafane i § 147a-d er ikkje det som styrer alt førebyggjande arbeid i PST.

3. PST si satsing er, ifølge Gule, «ikke uberettiget, men overdrevet». Kva som er naudsynt for å kunne gjennomføre ein sentralisert etterforsking kan sjølvsagt diskuterast. Kostnadane blir samla og difor meir synlege, men kan likevel i sum bli lavare enn viss kvart politidistrikt held på med sine saker isolert. Ein slik økonomisk effektivitetsgevinst er vanskeleg å måle, men den største gevinsten er at førebygging av terror blir meir effektiv.

4. Gule har heller ikkje so mykje tiltru til norsk rettsvesen. Han viser til ein 24-åring frå Fredrikstad som vart dømt til åtte års fengsel «for sine meninger». Og viss PST tek ut fleire tiltaler basert på den aktuelle paragrafen i straffelova (§ 147a-d) so er PST «på ville veier». Prinsipielt meiner Gule at ein skal straffeforfølgje folk som bryt lova. Men altso ikkje med dei paragrafane som Gule ikkje likar, t.d. kriminalisering av deltaking i terrorgrupper.

5. Etter å ha fremja påstandar om at PST sitt arbeid «virker mot sin hensikt og truer rettsikkerheten» - kunne ein kanskje tenkje at Gule har eit alternativ forslag om korleis terrortrusselen bør handterast. Trass alt innrømmer han at det føreligg ein trussel og ein reell fare for terrorhandlingar. Men noko alternative forslag, det har han ikkje.

6. Avslutningsvis i kronikken kjem det ein ny påstand som ikkje står tilbake for andre konspirasjonsteoriar; «Strategien (til PST) er en reell trussel mot vår alles frihet». Denne påstanden kvalifiserer vel til same karakteristikk som han gjev PST sin strategi; «ensidig, overdreven og uten godt belegg».