Truslar av ulike dimensjonar

Tysdag 4. mars la PST fram sin trusselvurdering for 2014. Igjen har vi peika på ekstrem islamisme som den mest alvorlege trusselen når det gjeld politisk motivert vald. Grunnlaget for denne vurderinga er etterkvart godt kjend, og den har utvikla seg over fleire år.

 

Den stadig pågåande radikaliseringa blant enkelte unge personar held fram. Det same gjer reiseverksemda til Syria, og den provoserande og opne fanatismen til personar som tilhøyrer dette miljøet.

Andre ekstreme miljø framstår som svakare, men kan likevel kunne gjennomføre valdsaksjonar. Det er liten synleg organisering og ingen tilsvarande reiseverksemd, men trugande og hatefulle ytringar på nettet tyder på ein farleg fanatisme også blant dei sokalla høgreekstreme.  

Den mest ottefulle utviklinga på sikt er likevel ikkje ein enkeltståande valdsaksjon, men følgjene av ein slik aksjon. Det er grunn til å frykte at  ekstreme grupper vil kunne reagere på ein valdeleg eller provokativ handling frå ”fienden”, og at vi då kan få ei eskalerande konflikt mellom ulike ekstreme grupper. Det vil i so fall stille oss overfor ein ny og langt verre situasjon, der valdsaksjonar blir brukt som legitimering for nye aksjonar, og der ulike ekstreme grupper vil kunne mobilisere langt utover det nivået vi har sett til no.

 Vi er ikkje i ein slik situasjon i dag. Vi kan framleis seie at Norge er eit trygt land. I motsetnad til enkelte andre land har vi ikkje konfliktliner mellom ulike grupper i samfunnet. Viss slike konflikter fyrst blir etablert er dei som regel vanskelege å få bort. Det enklaste, billegaste og beste er difor å førebyggje at dei får utvikle seg. Det er eit av hovudbodskapane i trusselvurderinga.

Utviklinga i Ukraina dei siste dagane er ein annan type konflikt. Det er uvisst korleis den vil utvikle seg, men heilt uavhengig av det er den ei påminning. Ei påminning om at den eksistensielle trusselen mot eit land ikkje kjem frå kriminelle valdshandlingar, men frå andre statar. Eit demokrati bør kunne tole valdskriminalitet, sjølv om den kan vere smerteleg og sjølv om den får merkjelappen ”terrorisme”. Eit angrep frå ein statleg aktør kan bli meir enn samfunnet kan tole.

Det internasjonale statssystemet er anarkisk, trass globalisering og eit godt utvikla internasjonalt samarbeid. Det som klarast viser dette er at alle land framleis ser seg tente med å ha si eiga etterretningsteneste. Dessverre registrerer vi at enkelte statar brukar sine etterretningstenester i og mot Norge på ein særs offensiv og aggressiv måte. Metodane er slett ikkje berre avlytting og dataoperasjonar, men inkluderer også tjuveri, bestikking, bedrageri og utpressing. Alle metodar som fungerer, blir brukt.

Noko av det vi er mest ottefulle for er tjuveri av forsvars- og teknologiløyndom. Vi veit at enkelte statar også brukar etterretningsoperasjonar for å sikre seg framtidig tilgang til energi og andre ressursar, og for å skaffe seg sensitiv informasjon om norske forhandlingsposisjonar.

Etterretning er eit null-sum-spel, viss den lukkast. Der andre statar vinn vil Norge kunne bli ein tapar. Når og i kva grad informasjonen blir brukt kan vere vanskeleg å måle. Det same gjeld skadeverknadane. Men at norske politiske, økonomiske og teknologiske aktørar blir utsette for spionasje og påverknad er eit faktum som mange bør ta inn over seg. Det er ingenting som tyder på at Norge i overskueleg framtid vil stå overfor militær aggresjon frå ein annan stat. Men skal vi kunne ivareta nasjonal tryggleik og norske interesser på lang sikt so må også tryggingsarbeidet ha eit langsiktig perspektiv.

 

Kommentarer

Her er du velkommen til å komme med kommentarer, argumenter og synspunkter. Vi krever fullt navn på innleggene og alle innlegg vil bli forhåndsgodkjent av PST. Falske profiler blir utestengt og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler. Vi gjør oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet. Godkjenning av innhold vil skje mellom 0800 og 1600.

Delta i debatten, skriv en kommentar.