Informasjonsinnhenting er berebjelken i arbeidet til politiet, både i førebyggjande verksemd og ved etterforsking. Til liks med politiet elles kan PST nytte mange forskjellige framgangsmåtar for å hente inn informasjon i saker vi arbeider med.

Visse politimetodar er likevel eit så stort inngrep overfor personen dei blir retta mot, at Stortinget har sett særskilde vilkår for å bruke dei. I juridisk terminologi blir slike særleg inngripande metodar kalla "tvangsmiddel".
Ulovfesta metodar
Den alminnelege handlefridommen gjer det også mogleg for
politiet å hente inn informasjon. Politiet har høve til å observere
det som skjer i det offentlege rommet. Spaningsarbeidet til
politiet er systematisk utnytting av denne handlefridommen. Vi kan
dermed observere kva mistenkjelege personar gjer i det offentlege
rommet.
Sjølv om bruken av desse metodane ikkje er regulert i lover og
forskrifter, er det nødvendig for rettstryggleiken at metodane
ikkje blir brukte vilkårleg. Stortinget har i fleire føresegner
lagt vekt på at all polititeneste skal utførast formålsstyrt og
forsvarleg. I § 6 i politilova blir det blant anna framheva at dei
midla som politiet nyttar, må vere nødvendige og stå i forhold til
alvoret i situasjonen, formålet med tenestehandlinga og omstenda
elles.
PST kan bruke dei ulovfesta metodane både i etterforskingssaker og
i førebyggjande verksemd.
Lovregulerte metodar: tvangsmiddel
"Tvangsmiddel" er fellesnemninga på ein del tiltak som
styresmaktene kan nytte, men som er så inngripande overfor dei
personane tiltaka blir retta mot, at Stortinget har sett strenge
vilkår for å ta dei i bruk. Pågriping og fengsling er nokre av dei
mest inngripande tvangsmidla politiet kan nytte.
Dei tvangsmidla som er tillatne i Noreg, er det gjort greie for i
straffeprosesslova
fjerde del. Den første føresegna om tvangsmiddel er § 170 a,
som slår fast at politiet berre kan bruke tvangsmiddel når det er
tilstrekkeleg grunn til det, og ikkje når det etter sakstypen og
forholda elles ville vere eit uforholdsmessig inngrep.
Tvangsmiddel kan PST nytte både i førebyggjande verksemd og i
etterforsking, såframt vilkåra i lova er oppfylte i kvart einskilt
tilfelle. Bruk av tvangsmiddel ved førebyggjande tiltak er heimla i
§ 17 d i politilova.
Stortinget vedtok 17. juni 2005 heimel til å bruke tvangsmiddel i
avverjande etterforsking og førebyggjande tiltak. I tillegg vedtok
Stortinget å opne for å bruke nokre nye metodar, blant anna
romavlytting.
Straffeprosesslova §
222 d fastset at dersom politiet som ledd i ei etterforsking
finn rimeleg grunn til å tru at alvorlege lovbrot er i emning, kan
retten gi politiet løyve til å bruke visse tvangsmiddel for å
avverje lovbrotet. Dette inneber at PST kan bruke tvangsmiddel til
avverjande føremål på ansvarsområda sine. Retten kan gi løyve til å
bruke tvangsmiddel for å avverje brotsverk berre dersom politiet
ikkje kan oppnå like gode resultat på annan måte.
Eit løyve til å bruke tvangsmiddel til avverjande formål kan opne
for ransaking, skjult fjernsynsovervaking, teknisk sporing, beslag,
utleveringspålegg, kommunikasjonskontroll, romavlytting og
identifisering av kommunikasjonsanlegg.