Oppdatert vurdering på trusselen frå høgreekstreme

06. SEP 2019 PST Pressemelding

PST har observert ei negativ utvikling i trusselen frå høgreekstreme. Vi vurderer det no som mogleg at norske høgreekstreme vil forsøke å gjennomføre terrorhandlingar det komande året. 

Terroråtaket mot to moskear i New Zealand 15. mars vil inspirere til fleire høgreekstreme åtak i Vesten det komande året. So langt i 2019, er det registrert fire terroråtak der gjerningspersonen har vore inspirert av Brenton Tarrant. Dette inkluderer gjerningspersonen bak det høgreekstreme terroråtaket mot Al-Noor moskeen i Bærum den 10. august. 

Internasjonale nettsider, der også nordmenn er aktive, vil framleis bli brukt til å dele manifest, propaganda og terroroppmodingar av høgreekstrem karakter. Her vert høgreekstreme terroristar hylla som heltar og rangert etter kor mange dei klarar å ta livet av. Dette klimaet vil halde fram å inspirere til valds- og terrorhandlingar i vestlege land det komande året. 

Fleire norske høgreekstreme har i 2019 gjeve uttrykk for støtte til gjerningspersonar bak terroråtak i New Zealand og USA. PST har også registrert enkelte støtteytringar til gjerningspersonen bak moskéangrepet i Bærum 10. august. Enkelte, men svært få, har vidare oppmoda andre om å utføre terrorhandlingar i Norge. Ytringane viser at terrorisme som metode har støtte blant fleire norske høgreekstreme. 

Enkelte høgreekstreme grupper internasjonalt, vil halde fram med å oppmode sine medlemmar om å utføre terroråtak. Gruppene spreiar terroroppmodande propaganda som ledd i deira mål om å setje i gong ein revolusjon og rasekrig. Medlemmar av slike grupper har i 2018-19 utført politisk motiverte drap og planlagt terroråtak, særleg i USA, men òg i Europa. PST er kjent med at desse gruppene har sympatisørar i Norge.

Norske høgreekstreme vil halde fram med å sjå på ikkje-vestlege innvandrarar, muslimar, jødar og LHBT-miljøet som ein eksistensiell trussel mot Norge og Europa. Enkelte vil meine at valdsbruk er naudsynt for å hindre at desse samfunnsgruppene gjer etnisk kvite og/eller deira kultur til ein minoritet i Norge. Norske politikarar er òg i fiendebilete til høgreekstreme, då desse vert skulda for å legge til rette for innvandring og den påståtte negative utviklinga av samfunnet. Haldningane vil framleis kome til syne gjennom hatefulle ytringar, truslar og voldsoppmodingar. 

Eventuelle forsøk på høgreekstreme terrorhandlingar det komande året vil sannsynlegvis utførast av få personar og rettast mot symbolmål. Dømer på dette er møteplassar for muslimar og ikkje-vestlege innvandrarar, eller politiske parti og politikarar. Angrepsmiddel som kan bli nytta inkluderer skytevåpen, eksplosivar, køyretøy og hogg-/stikkvåpen. 

PSTs oppgåve er å handtere dei mest alvorlege truslane mot Norge. Vi er difor avhengige av god kontakt med publikum for å kunne identifisere og avverje potensielle terroråtak. Dersom du ynskjer å kontakte oss, send gjerne eit tips eller kontakt lokalt politi. Dersom tipset er akutt, ring 112 (politiets naudnummer). 

Vis alle