Hopp til innhold

Etterforskings- og påtaleavdelinga


Å etterforske saker er ei av dei viktigaste oppgåvene til PST.

Avdelinga for etterforsking og påtale består av etterforskarar med politifagleg bakgrunn og påtalejuristar. Personar som blir rekrutterte til avdelinga, har ofte lang og brei erfaring frå etterforsking og påtalearbeid i ordinært politi.

Kva blir etterforska?

Avdelinga etterforskar saker innanfor ansvarsområdet til PST, mellom anna

Det nærmare mandatet til å etterforske lovbrot er gitt i politilova § 17 b.

Open og skjult etterforsking

Open etterforsking inneber at politiet opent gjer undersøkingar, til dømes gjer avhøyr og tekniske undersøkingar, med sikte på å avklare ein konkret mistanke.

Ved skjult etterforsking blir det tatt etterforskingssteg utan at personane etterforskinga er retta mot, får vite det. Eventuelt får dei vite om det i ettertid. Etterforskingsstega inneber typisk at det blir brukt straffeprosessuelle tvangsmiddel som kommunikasjonskontroll og ransaking.

I utgangspunktet har PST ansvar for både open og skjult etterforsking innanfor mandatet sitt, men det er det ordinære politiet som står for den opne etterforskinga av sabotasje, terror og terrorrelaterte handlingar om ikkje den overordna påtalemakta bestemmer noko anna. Spørsmål om kven som skal ha etterforskingsansvaret i slike saker, oppstår særleg dersom PST frå før av har halde på med ei skjult etterforsking som så går over i ein open fase, typisk fordi den mistenkte er gripen. I slike tilfelle kan det vere gode grunnar til at PST skal handtere den opne etterforskinga òg.

Dei same reglane som hos politiet elles

Etterforskinga PST gjer, må i hovudsak rette seg etter dei same reglane som hos politiet elles: Etterforskinga blir iverksett når det som følgje av politimelding eller andre omstende er rimeleg grunn til å undersøkje om det ligg føre straffbare forhold som det offentlege må forfølgje, jf. straffeprosesslova § 224 første ledd

Etterforsking er ei verksemd som er formålsstyrt. Straffeprosesslova § 226 beskriv rammene nærmare. Som oftast er formålet med etterforskinga å avklare om nokon har gjort brot på føresegner innanfor mandatet til PST, og om vedkommande i så fall kan haldast strafferettsleg ansvarleg.

Spesielle verkemiddel for å avverje framtidige straffbare handlingar

Gjennomfører nokon eit brot innanfor ansvarsområdet til PST, kan det true tryggleiken i samfunnet vårt, Noregs sjølvråderett eller andre grunnleggjande nasjonale interesser. Derfor har vi lovreglar som opnar for at PST kan bruke straffeprosessuelle tvangsmiddel (skjulte tvangsmiddel) for å avverje framtidige straffbare handlingar.

Straffeprosesslova § 222 d heimlar bruk av skjulte tvangsmiddel som ledd i etterforskinga for å avverje alvorlege handlingar som terrorhandlingar, andre terrorrelaterte brot og ulovleg etterretningsverksemd.

Kven er det som leier arbeidet?

Det er påtalemakta som bestemmer, leier og avsluttar etterforsking, jf. straffeprosesslova § 225 første ledd. Riksadvokaten har det overordna ansvaret for leiinga av påtalemakta. Også straffesaksbehandlinga i PST ligg under ansvarsområdet til riksadvokaten.

I PST er påtalemakta representert ved politiadvokatar, sjef og assisterande sjef PST. På statsadvokatnivå er straffesaksbehandlinga i PST underlagd Det nasjonale statsadvokatembetet (NAST).

Kva gjer påtalemakta?

Påtalemakta i politiet har leiinga og ansvaret for etterforskinga. Det inneber myndigheit til å ta avgjerder under etterforskinga, irekna om og korleis det skal etterforskast, og kva tvangsmiddel som skal nyttast. Det rommar òg eit ansvar for å sjå til at etterforskinga held den nødvendige kvaliteten, er formålsstyrt og skjer med den nødvendig framdrifta.

I ei konkret etterforskingssak er det politiadvokatane som fyller rolla som påtalefagleg etterforskingsleiar. God saksleiing føreset at rolla blir forvalta i tett samarbeid med den politifaglege etterforskingsleiaren.

Politiet og påtalemakta skal vere objektive. Objektivitetsplikta inneber at etterforskinga må søkje å avklare både det som taler for skuld, og det som taler for uskuld hos den mistenkte. I strafferetten blir det stilt opp strenge beviskrav. For å ta ut tiltale eller ta ei anna positiv påtaleavgjerd må påtalemakta vere overtydd om skuld og meine at skulda kan bevisast i retten.

psst.

Bli med på innsiden i PSTs podkast.

Etterforsknings- og påtaleavdelingen i PST. De som håndterer straffesakene våre

Vegard Rødås er leder for Etterforsknings- og påtaleavdelingen i PST. Han forteller om avdelingens ansvarsområder, hvordan de jobber og hva som skiller dem fra resten av politiet. De erfarne politiadvokatene Thomas Blom og Kathrine Tonstad snakker om hvordan det er å jobbe med saker som handler om spionasje, terror, sanksjonsbrudd og trusler mot myndighetspersoner.

0:00 0:00
Del artikkel på LinkedIn