Takk for at du tipsa oss
Er det akutt fare for liv og helse? Ring politiet på 112
Kva skjer vidare?
Fagfolk i PST vurderer innhaldet i tipset ditt. Vi ser mellom anna på kor alvorleg det er, om fleire har tipsa om det same tidlegare, og om vi treng fleire opplysningar for å følgje opp tipset.
Om vi meiner at tipset bør følgjast opp, vurderer vi kva tiltak som er best.
Gjeld tipset ei alvorleg eller livstruande hending, reagerer vi raskt.
Kjem PST til å kontakte deg?
Mest sannsynleg får du inga tilbakemelding frå PST. Det betyr ikkje at tipset er uviktig, og det kan godt hende vi jobbar vidare med det.
Om du oppgav kontaktinformasjon i tipsskjemaet, kan det hende vi kontaktar deg for å be om meir informasjon.
Tips oss igjen om du har nye opplysningar
Om du får ny informasjon om saka, set vi stor pris på om du sender oss eit nytt tips eller kontaktar oss per telefon.