Det er politilova § 17 g som gir PST kompetanse til å vedta bandlegging av midlar.
Vidare følgjer det av politilova § 17 h at PST snarast mogleg, og seinast innan sju dagar, skal sende saka over til retten. Deretter avgjer retten om bandleggingsvedtaket skal oppretthaldast eller ikkje.
Straks PST har gjort eit vedtak om bandlegging, offentleggjer vi vedtaket på pst.no og sender det til relevante aktørar og finansføretak per e-post.
Vedtaket om bandlegging forpliktar finansføretak og andre einingar til straks å bandleggje midlar som tilhøyrer den vedtaket rettar seg mot. Etter at vi har fått rettsavgjerda frå tingretten, publiserer vi også den på pst.no.
Unntak for midlar til nødvendig underhald
Formuesgode som er nødvendige til underhald av den vedtaket rettar seg mot, husstanden til vedkommande eller nokon vedkommande forsørgjer, kan ikkje bandleggjast, jf. politilova § 17 g andre ledd. Det er ikkje opp til finansføretaket å vurdere kva som er nødvendig underhald. Kvart enkelt føretak vil ikkje ha den samla oversikta over økonomien til vedkommande. Dersom ein person som blir ramma av eit bandleggingsvedtak, fremjar påstand om nødvendig underhald, må vedkommande visast til PST.
Varigheit
Eit bandleggingsvedtak gjeld berre i den perioden som er oppgitt i rettsavgjerda. Om ikkje rettsavgjerda blir forlengd og ny rettsavgjerd blir publisert på pst.no, skal bandlegginga opphevast av finansføretaka sjølve. Meir informasjon finst på regjeringa.no: Ny veileder om frysbestemmelsene av 30.06.2023.