Hopp til innhold

Kvifor bør du jobbe i PST?

PST er ein av dei viktigaste arbeidsplassane i Noreg. Som tilsett hos oss får du innblikk i ei verd som er ukjend for dei fleste andre, og du er med på å halde landet og befolkninga trygge.

Sjå ledige stillingar i PST

Du får jobbe for tryggleiken i Noreg

Som tilsett i PST gjer du ein viktig jobb for å oppfylle oppdraget vårt: å førebyggje og etterforske truslar mot tryggleiken i riket og det norske demokratiet. Innsatsen du legg ned kvar dag i PST, bidrar til å beskytte det og dei som betyr mest for deg.

Heilt konkret bidrar du til å førebyggje, forhindre og etterforske terrorangrep, ekstremisme, spionasje, sabotasje og truslar mot myndigheitspersonar i Noreg.

Kva kan du jobbe med hos oss?

Det er ei lang rekkje stillingstypar i PST. Vi tilbyr stillingar innanfor

  • spesialiserte felt som kontraterror, kontraetterretning og spionasje, taktisk og teknisk innhenting av informasjon, vern av myndigheitspersonar og førstelinjearbeid
  • støttefunksjonar som HR, økonomi, verksemdsstyring, teknologi og IT-tryggleik

Vi kan dessverre ikkje alltid gi detaljerte beskrivingar av stillingane vi lyser ut. Det er fordi vi må sikre arbeidsmetodane våre og kompetansen vår.

Om du søkjer jobb hos oss, får du derfor ikkje alltid vite alt om stillinga før du faktisk begynner i jobben.

Vi ser etter deg som er opptatt av samfunn og teknologi

Vi ser alltid etter samfunnsinteresserte menneske som blir motiverte av å førebyggje farar før dei oppstår, og handtere dei om dei oppstår. Teknologi står sjølvsagt sentralt i alt vi gjer, både no og i framtida.

Alle som jobbar hos oss, må derfor vere nysgjerrige på teknologi og ha god teknologisk kompetanse. På den måten sikrar vi oss verktøy, infrastruktur og kompetanse til å løyse samfunnsoppdraget vårt effektivt.

Det er ein stor fordel om du også

  • har kunnskapar om og erfaring med områda terror, sabotasje, spionasje, truslar og/eller masseøydeleggingsvåpen
  • har analytiske ferdigheiter
  • liker å samarbeide i tverrfaglege team

Les meir om stillingane våre i rekrutteringsbrosjyren:

Slik er arbeidskvardagen

Vi kan love deg ein variert arbeidskvardag. I rolege periodar jobbar vi strategisk og målbevisst for eit tryggare Noreg. Og når det verkeleg gjeld, vil du kjenne at du har ein jobb der det skjer mykje og tempoet er høgt.

Korleis kvardagen din blir, kjem naturlegvis an på rolla di og kva saker og fagområde du jobbar med. Vi kan likevel seie noko om kva arbeidsdagane kan bestå av:

  • Du er med i eit tverrfagleg team der de samarbeider og deler erfaringar og kunnskap. På den måten får du også utvikla deg.
  • Du har ei blanding av operative og strategiske oppgåver – frå dagsaktuelle saker med korte fristar til langsiktige, strategiske oppgåver.
  • Du gjer analytiske og faglege vurderingar der du får brukt kompetansen din.

Du jobbar frå kontoret og slepp å ta med jobben heim

Fordi vi jobbar i tryggings- og etterretningstenesta og har ganske komplekse arbeidsoppgåver, kan vi i liten grad tilby heimekontor. I PST er alle på kontoret kvar dag. Fordelen med det er at du alltid har gode kollegaer i nærleiken, anten du er ute etter hjelp med ei oppgåve, nokon å sparre med, fagleg utvikling eller berre nokon å ete lunsj med.

Ein annan fordel er at vi loggar av når vi forlèt kontoret. Du slepp å «berre fikse nokre småting» eller «svare på nokre få e-postar» etter arbeidstid.

Må eg leggje avgrensingar på privatlivet mitt om eg får jobb?

Alle tilsette får rettleiing i korleis dei skal handtere sosiale medium, nettsamfunn og sosiale situasjonar der arbeidssituasjonen blir eit tema, både undervegs i rekrutteringsprosessen og som nytilsette.

Kva seier dei som jobbar i PST?

Medarbeidarane våre framhevar dei spennande arbeidsoppgåvene og det kollegiale fellesskapet som noko av det beste med å jobbe i PST. Eit sikkert teikn på at vi har gjort ein god jobb, er at folk ikkje treng å tenkje på oss; vi har forhindra faren før han har oppstått. Men internt i fellesskapet veit vi kva innsats du legg ned, og vi byggjer kvarandre opp kvar dag.

Mangfald i PST – vi skal reflektere samfunnet

Dei tilsette i PST skal spegle mangfaldet i befolkninga, og vi ønskjer endå større mangfald enn vi har i dag. Vi veit at mangfald på arbeidsplassen gir ei nødvendig breidde i haldningar, verdiar, perspektiv og erfaringar. Det er avgjerande for at vi skal nå måla våre og løyse samfunnsoppdraget vårt.

Vi har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert samansetjing i alder og kjønn blant dei tilsette. På same måte har vi eit mål om å tiltrekkje oss og rekruttere personar med ulike bakgrunnar og livserfaringar, fleirkulturell bakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

Om du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, ønskjer vi at du kryssar av for det i rekrutteringssystemet når du søkjer jobb hos oss.

Dersom vi har kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i ei av gruppene, det vil seie positivt særbehandla, må du oppfylle visse krav.

Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Du må oppfylle strenge tryggleikskrav

For å jobbe i PST må du oppfylle krava til tryggleiksklarering for informasjon gradert STRENGT HEMMELEG og NATO SECRET og deretter kunne få autorisasjon til å handtere slik informasjon. Vi legg stor vekt på om du eignar deg til jobben. Du må vere påliteleg og lojal og ha god dømmekraft.

Vi må danne oss eit personelltryggleiksmessig bilete av deg, og du kan derfor få spørsmål som kan vere uvande eller utfordrande å svare på, til dømes om privatlivet ditt.

Du får ikkje eit formelt tilbod om stillinga før du har blitt tryggleiksklarert. Klareringsprosessen kan vere tidkrevjande, normalt tar han éin til tre månader.

Nedanfor finn du lenker til informasjon om tryggleiksklareringa og personopplysningsblaketten du må fylle ut om du blir innstilt til stillinga.
Få rettleiing om korleis du fyller ut personopplysningsblanketten (nsm.no).

psst.

Bli med på innsiden i PSTs podkast.

Vil du jobbe i PST?

I denne episoden vil du få vite hvordan du kan komme deg på innsiden, bli en del av landets sikkerhetstjeneste og være en del av det viktige samfunnsoppdraget. Lær om hvordan du skriver en god søknad, hva som skjer i intervjuene og hvilke kvaliteter rekruttererne ser etter. Hør mer om personlighetstestene og sikkerhetsklareringen.

0:00 0:00

Lyst til å søkje jobb hos oss?

Besøk jobbportalen vår

I jobbportalen finn du oppdatert informasjon om ledige stillingar i PST. Vi gler oss til å lese søknaden din!

Har vi ingen ledige stillingar som passar for deg akkurat no?
Då anbefaler vi deg å opprette ein profil hos Jobbnorge.
Der kan du lagre PST som arbeidsgivar, stillingskategoriane du er interessert i, og fagfeltet du ønskjer å jobbe innanfor. Då får du varsel frå oss når vi lyser ut aktuelle stillingar.