Hopp til innhold

Personopplysningar og innsyn

Her får du vite korleis vi behandlar personopplysningar, og kva du har rett til å få innsyn i.

PST hentar inn og behandlar personopplysningar som er nødvendige for å førebyggje, avverje eller etterforske kriminell verksemd som gjeld Noregs sjølvråderett eller andre grunnleggjande nasjonale interesser. Dette inkluderer ulovleg etterretningsverksemd, terrorverksemd, spreiing av masseøydeleggingsvåpen og brot på eksportkontrollregelverket, jf. politilova § 17 b.

PST kan òg behandle personopplysningar for mellom anna å utarbeide trusselvurderingar og som eit ledd i personkontroll og akkreditering, jf. politiregisterlova § 64 og politiregisterforskrifta § 20-2. Det kan òg vere nødvendig å behandle opplysningar i samband med at vi skal beskytte myndigheitspersonar.

Korleis behandlar PST personopplysningane?

PST behandlar ikkje personopplysningar lenger enn det som er nødvendig ut frå formålet med behandlinga.

Politiregisterlova og -forskrifta har eigne reglar knytte til sletting og sperring av opplysningar.

Todelt behandling

Når PST behandlar opplysningar, er det regulert av ulike lover basert på om behandlinga skjer innanfor den politioperative verksemda til PST eller i den administrative verksemda:

PST er ei offentleg verksemd, og førespurnader som blir sende til PST, blir derfor rekna som offentlege handlingar og registrerte i PSTs arkivsystem.

PST er den behandlingsansvarlege for all behandling av personopplysningar i tenesta. Når PST behandlar personopplysningar til politiformål, skjer dette med heimel i politiregisterlova.

Meir om korleis PST behandlar opplysningar til administrative formål

I tillegg til den operative delen er det òg ei administrativ side i verksemda vår. Her behandlar vi personopplysningane slik alle andre offentlege verksemder gjer, altså i samsvar med personopplysningslova og personvernforordninga til EU.

Kva bruker vi opplysningane til i den administrative verksemda?

I den administrative verksemda behandlar PST personopplysningar til ulike formål, til dømes i samband med rekruttering, personaladministrasjon og for å informere om verksemda vår på nettsida.

Når opplysningar blir behandla til administrative formål, gjeld det andre lover enn for den operative verksemda, eller så krevst det samtykke frå den enkelte. Til dømes kan PST utlevere denne typen opplysningar til andre i samsvar med offentleglova og skattelova.

Kva rettar har du?

Dersom du ønskjer innsyn i opplysningar som PST behandlar i den administrative verksemda si, kan du sende oss eit spørsmål om dette. Ver merksam på at opplysningane kan vere omfatta av teieplikt.

Dersom opplysningane om deg er urette eller ufullstendige, kan du be PST rette informasjonen. Har det skjedd ei urett behandling eller det ikkje lenger er nødvendig å behandle opplysningane i samband med det som var formålet med behandlinga, kan du be om at opplysningane blir sletta. Dette gjeld ikkje dersom PST har ei lovpålagd plikt til å behandle eller arkivere opplysningane.

Openheit og innsyn er strengt regulerte

Det er ikkje innsynsrett i opplysningar PST behandlar etter reglane i politiregisterlova. Heller ikkje offentleglova gjeld for innsyn i desse opplysningane, jf. politiregisterlova § 66. Derfor avviser PST krav om innsyn i slike opplysningar.

Dette betyr at du ikkje får innsyn i opplysningar om deg som PST behandlar for politiformål. Du får heller ikkje bekrefta eller avkrefta om vi behandlar slike opplysningar. Dette gjeld òg opplysningar om familie eller andre du skulle vere interessert i, til dømes i samband med oppgåveskriving eller studium.

Offentlegheita viser stor interesse for å få innsyn i det eldre arkivmaterialet til PST. Reglane i poltiregisterlova § 66 gjeld her òg.

Del artikkel på LinkedIn